Musikal-i-teten 2018


 

Musikal-i-teten søkjer utøvarar til festivalen 2018

Musikal-i-teten er Nordens fyrste musikkteaterfestival og arrangerast for tredje gong hausten 2018 i Oslo. Festivalen er driven av studentane på Musikkteaterhøyskolen i Oslo og har fokus på å fremje profesjonelt og nyskapande musikkteater – samt sjangeren i seg sjølv.  
 
Målet med festivalen er å invitere til refleksjon og vise at musikkteater er eit forum som kan ta opp aktuelle tema på ein engasjerande og annleis måte som kan passe for alle. 
 
Til neste års festival søkjer vi engasjerte, profesjonelle utøvarar som kan bidra med førestillingar, workshops, debattar eller føredrag innan musikkteatersjangeren og vårt tema.  
 
Overskrifta for festivalen 2018 er “Eit lite stykke...”. Med dette etterlyser vi materiale til festivalen som utforskar og utfordrar kva det kan seie å vere norsk og kva det inneber å vere menneskje i Noreg i dag. 
 
Dette treng ikkje berre å vere synleg i tematikken, førestillinga eller workshopen, men kan kome fram gjennom form, verkemiddel og utøving. Vi er ute etter bidrag som framstiller situasjonar, roller og kjensler som vårt publikum kan kjenne seg att i. Vi er også på jakt etter innhald som utfordrar musikkteatersjangeren, gjerne gjennom nye måtar å formidle på. 
 
Målet med festivalen er å invitere til refleksjon og vise at musikkteater er ein arena som kan ta opp aktuelle tema på en engasjerande og annleis måte som kan passe for alle. 
 
Søknad og eventuelle spørsmål sendast til: programkomite@musikaliteten.no
Frist: 13.01.2018

 
 
 

Krav til søknad 
 
Søknaden skal innehalde:  
For førestillingar:  
- Prosjektbeskriving (beskriving av prosjektet og korleis det tek stilling til festivalen sin tematikk)
- Dokumentasjon (Vimeo-/Youtube-lenkje, lydfiler el.) -Om det eksisterer.
- Varigheit
- Mengd utøvarar
- CV på kunstnarleg ansvarleg og utøvarar  
- Detaljert teknisk rider
- Pris/budsjett
 
For workshops/føredrag:  
- Beskriving av fagleg mål og innhald for hhv. workshop/føredrag og kva ein har tenkt rundt temaet til festivalen.
- Målgruppe for workshop/føredrag (t.d. profesjonelle, amatørar, born osv.)
- Maks mengd i deltakarar
- Varigheit
- CV på workshopleiar/føredragshaldar
- Pris/budsjett
 
Alle vedlegg sendast som pdf.  
Søknaden merkast med “Søknad (workshop/førestilling/føredrag) Musikal-i-teten 2018” i emnefeltet.